Dagens tall fra SSB
Om lag 10 300 ekteskap blei oppløyste ved skilsmisse, og 11 400 ektepar blei separerte i 2007. I høve til 2004, då tala for skilsmisser og separasjonar var dei høgaste som nokon gong er registrerte, har tala gått ned for kvart år.
Skilsmisseraten, som blir rekna som skilde per 1 000 gifte og separerte kvinner, var 11,8 i 2007. Da talet på skilsmisser var som høgast i 2004, var tilsvarande rate på 12,6. Samanlikna med 2006 gjekk skilsmisseratane ned både for menn i alderen 20-49 år og for kvinner i alderen 20-44 år. Dei høgaste skilsmisseratane, både for menn og kvinner i 2007, var i aldersgruppa 25-29 år.
I 2007 blei 14 500 ekteskap oppløyste ved at den eine ektefellen døydde.
Ut frå skilsmissemønsteret i 2007 er det rekna ut at 43,4 prosent av ekteskapa kan ende i skilsmisse. I dei siste tre åra har denne prosenten stendig blitt lågare. Prosenttalet var 7 prosentpoeng lågare i 2007 samanlikna med 2004.
Av dei ekteskapa som blei oppløyste ved skilsmisse i 2007, hadde dei fleste vara i ti år eller meir.
44 prosent av dei som skilte seg i fjor, hadde ikkje felles barn, 23 prosent hadde eitt barn, 24 prosent hadde to barn, og 9 prosent hadde tre eller fleire barn